Snorre Svensson og Martin Roll Lied er tilsett som fitjarvertar i sommar. No gled dei seg til å ta fatt.

Begge kjem frå Bergen, men tilknytning til Fitjar har dei likevel. Martin har vore på sommarferie på Engesund frå han var liten, og Snorre har fitjartilknytning gjennom mora som er herifrå.

-Eg ser på dette som ei flott utfordring, og ei fin sak å ha med på CV-en min vidare seier Martin, og Snorre gjer i tillegg eit poeng av at det er billegare å bu i Fitjar enn i Bergen.

Dei startar 5. juli og skal halde på til 15. august. I tillegg skal dei vera disponible under Fitjarfestivalen.

Arbeidsoppgåvene deira vert å vera tilgjengeleg i sentrum, ha oversikt over det som skjer både i Fitjar og i regionen med omsyn til arrangement og aktivitetar. Og dei skal gje turistinfo om kven folk skal venda seg til når dei ikkje kan svara på spørsmål sjølv.

Vidare skal dei ha ansvar for sykkelutleige, vera havnevertar og dela ut turistinfo-materiell. Dei skal òg gjera sitt til å halda sentrum ryddig og føra  statistikk. Det siste til nytte for opplegget i somrane som kjem.

Ei omfattande, spennande oppgåve altså. Det er berre å ønskja dei all mogeleg lukke til.