Tre staute karar i Fitjardrakt, saman med Bjørg Strømme, som har  sydd draktene. Frå venstre: Alf Inge Træet,Øyvind Træet og Roger Træet.

 -Mamma Ingrid Træet tok kontakt med Bjørg, for ho ville at alle sønene skulle få seg Fitjar-drakt.

No er dei ferdige, og dei kan sprada 17.mai.

Drakta var resultat av eit prosjekt der Bjørg , i lag med ei nemnd, sette saman  ulike plagg frå Årskog museum, og sydde prototypen til det som eigentleg heiter «Stasklede frå Fitjar». Sjølv står ho i kvinnedrakta, skriv Karvel Strømme som har sendt oss biletet.