Ambassadørprisen for 2014 går til Ingve Andre Strand. Ingrid Vestbøstad frå Sparebanken Vest og Håkon C. Hartvedt frå Fitjarposten stilte i dag opp på arbeidsplassen til Ingve Andre hos Engevik og Tislevoll med blomar og gratulasjonar. Og arbeidskameratane jubla med. Foto: Svein Åge Siglen.

Denne gongen var det aldri tvil om kven som skulle gå av med sigeren. For kvar tredje stemme fekk Ingve Andre jamnt over to – og han enda opp med ei stemmeprosent på 72. Nærast kom Mariann Vestbøstad Marthinsen med 14 %, medan Ole Bergesen og Osternes Mannskor fekk 7 % kvar.

Ingve vart i 2014, i sin tjuande sesong, Noregssmeister i  Crosskart 650ccm, i konkurranse med førarar med eit betydeleg større budsjett. Gjennom sin deltaking mange plassar i landet har han sett Fitjar på kartet med mediaomtale i «utanbygds media, gjennom gode plasseringar på landsplan gjennom mange år.»

Bak på tilhengjaren som crosskartane er inni på alle løp, heng det to store kommunevåpenet med Gullhjelmen.

Ambassadørprisen er ein pris Sparebanken Vest og Fitjarposten er saman om.