I strålande haustver tok Fitjar imot Eidsvåg til heimekamp i idrettsparken laurdag ettermiddag.

Med Eidsvåg poenget bak Fitjar på tabellen kunne ein venta ein jamn kamp. Etter ein rufsete start tok Fitjar gradvis meir og meir over banespelet, og det var ikkje ufortent når Jan Åge Tislevoll gir laget leiinga på eit flott skot frå 17-18 meters hald.

Minuttet før pause tar Kjell André Thorland med seg ballen litt inne på Eidsvåg sin banehalvdel, passerer 3-4 motspelarar før han plasserer ballen inn via stolpen. Flott scoring av Kjell André.

Etter ein ujamn opningsomgang av Fitjargutane løfta dei seg eit hakk i andre. Laget får etter kvart meir rom å spela ball i, og spelar seg til fleire gode sjansar. Jan åge set inn 3-0 etter flott forarbeid av Øyvind Fykse Lie, nemnte Øyvind er og nær ved å laga «årets mål» når han tar eit høgt innlegg på heil volley, men det klokkereine treffet slår dessverre i krysset og ut på banen igjen.

Gutespelar Geir Steffen Tranøy har eit friskt innhopp og gjer eit flott førearbeid til scoring nr. 4. Han forserer forbi ein forsvarsspelar på venstresida, legg ballen på tvers, og Jan Åge kan roleg og beherska setje inn sitt tredje og laget sitt fjerde mål.

Eidsvåg er heller ikkje ufarlege, laget har sporadiske kontringer i tillegg er laget farleg frampå på dei mange hjørnesparka og frisparka dei får. Men stort sett ryddar ein god Oddgeir Træet opp i det som kjem.

Alt i alt i god kamp av Fitjar-gutane, no ventar den suverene puljevinnaren Lysekloster borte på fredag før laget tar imot Trott i siste seriekamp søndag 16. oktober.