Fitjar måtte spele dei siste 25 minuttane med 10 mann. Likevel vann gutane våre 5-2 mot Trott i serieopninga i Fitjar Idrettspark i ettermiddag.

Men det starta ikkje bra. Trott tok leiinga etter ei nettkjenning av Arnfinn Aadland etter berre tre minuttar, og dei første 10-15 minuttane var ikkje fitjarlaget «på nett». Heldigvis løsna det etter kvart. Leia av Mats Brakedal drog Fitjar opp det eine farlege angrepet etter det andre på høgresida, og Thomas Vestbøstad Waage kunne med betre marginar netta både ein og to gonger i denne perioden. Men denne laurdagen var så visst ikkje marginane på Thomas sin side. Sjølv om han fekk gleda over å vere sist på ballen då Fitjar tok leiinga fem minutt ut i andre omgang, vart det ein skikkeleg nedtur for storskåraren då han vart utvist etter å ha fått sitt andre  kort 10 minuttar seinare.

– Ei hard avgjrerdsle, kommenterte fotballnestor Roald Nilsen om den situasjonen, etter kampen. Hardt for laget er det at Thomas på grunn av dette må stå over neste kamp.

Me var spente på kva som no ville skje. 2-1 er ikkje noko trygt resultat når ein er berre ti mann, og det er 25 minuttar att å spela. Men no tok gutane ansvar, og det på ein slik måte at me mest lurte på kvar det vart av Trott-forsvaret. Fantastisk lagmoral.

Øyvind Fykse Lie sette inn 3-1 målet etter at Trott hadde handsa innanfor 16-meteren. Så fekk me ei frekk perle av Mats Brakedal, som òg hadde utlikna til 1-1 i første omgang. Dermed stod det 4-1 til Fitjar. Minuttet etter reduserte Trott til 4-2 ved John W. Gundersen, men berre to minutt etter var det 5-2 etter kampens finaste mål. Det kom ved eit frispark som Øyving Fykse Lie på beste Beckham-vis skrudde frå venstresida og rett i krysset ved bortaste stolpe. 

Ein flott start på sesongen. Fitjar har ting dei må ta tak i, men Trott har meir, Ikkje minst på forsvars-sida.

– Eg ser at det er tidleg på sesongen. Fitjar har til dømes alt for mange farlege tversoverpasningar. Men svært godt jobba var det, og tre poeng og 5-2 over Trott er jo alltid stas, var kampkommentaren til ein smilande Roald Nilsen.

Mats Brakedal fekk svært fortent prisen som Fitjar sin beste spelar.