Med siffera 26-19 vant Fitjar-damene klart over Bergen 2 søndag ettermiddag.
Sjølv om sigerssifera blei klare nok, var det ikkje før i sluttminutta Fitjar klarte å knekka motstandarane sine frå Bergen. Med knapt fem minutt att å spela, var leiinga nede i to mål, men så var det slutt på kreftene for Bergen 2, og Fitjar-damene kunne sikra seg ein klar siger.
Fitjar-damene hadde eit lite overtak heile kampen, og leia nesten heile første omgang. Til pause stod det 11-10 til Fitjar, etter at dei ei stund hadde leia med fire mål.
Andre omgang heldt fram med eit lite overtak for Fitjar-damene, som måtte slita for å halda på leiinga. Fleire gonger såg det ut til at dei skulle dra frå, men ein god bortekeeper, og for dårlege straffekast av heimelaget gjorde at Fitjar ikkje greidde å rista av seg motstandarane sine. Før dei siste fire minutta. Då gjekk opp frå 21-19 til 26-19 utan at sju slitne gjester frå Bergen hadde meir å stilla med.
Toppscorarar for Fitjar blei Invild Kannelønning og Charlotte Soberg, med sju mål kvar.
Scoringar for Fitjar mot Bergen 2:
Kristine Korsvik (keeper)
Solveig Fitjar (keeper)
Charlotte Solberg 7
Randi Thorland 2
Marita Nysæther 1
Miriam Almås 2
Maria Larsen 3
Lillian Djuvsland 1
Amalie Korsvik 2
Ingvild Kannelønning 7
Kristin T. Dahl 1
Etter dagens siger, begynner damene å nærma seg toppen av tabellen i 5. divisjon.Terminliste, resultat og tabell finn me på sidene til www.handball.no: