Handballdamene frå Fitjar møtte overkommeleg motstand i seriekampen laurdag ettermiddag, og vann så klart som 28-19 over Flaktveit.

Fitjar-damene vann ein klar og fortent siger over tabellnabo Flaktveit frå Åsane i gårsdagens heimekamp. Dermed bytte dei to laga plass på tabellen i 5. divisjon, og Fitjar ligg no komfortabelt til på femteplass, eitt poeng føre nettopp Flaktveit.

Heimelaget gledde ein tynt befolka tribune med flott spel i opninga. Dei lukkast med det meste, og måla rann inn i Flaktveit-målet dei første åtte minutta av kampen. Me såg for oss ein regulær overkjørsel, men på stillinga 8-1 til Fitjar tok bortelaget timeout. Den utnytta dei godt, og klarte å pressa Fitjar-damene til å gjera feil. Heile 10 minutt gjekk utan eitt einaste heimemål.

Men etter kvart vakna Fitjar-damene igjen, og klarte i det lengste å forsvara ei leiing på fire-fem mål. Til pause stod det 13-8 til heimelaget, og då det nærma seg midten av andre omgang, tok dei farvel med gjestene. Dei drog jamt og sikkert frå, etter periodevis fint spel. Dermed kunne heimepublikum, som etter kvart hadde fylt brukbart opp tribunen, gle seg over ein klar heimesiger, 28-19.

Best på Fitjar var Charlotte A. Levåg, som blei toppscorar med seks mål. Også Ingvild Rimmereid kom opp i seks mål, etter mykje fin spel, spesielt i opninga av kampen

Fitjar sitt lag (scoringar i parentes): Ida S. Fitjar (k), Charlotte A. Levåg (6), Randi Thorland (5), Miriam Almås (3), Helene Rimmereid, Marita Nysæther (2), Lillian Gjuvsland (4), Martine Hareide, Julie Skjerve Jensen (2), Ingvild Rimmereid (6).