– Fredag 29. oktober klokka 18.00 brakar det laus med Team Hanne konsert i Idrettshallen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. Då kjem Hanne Krogh og Team Hanne.

Som kjent er det i samband med 75-årsjubileet til Fitjar Kraftlag at bygda får denne fantastiske gåva, ein gratiskonsert for alle kundane med desse flotte artistane.

– Me ventar mykje folk, og derfor blir konserten inne i Idrettshallen. Her blir det dekka med stolar og bord opp til rundt 650 personar. Det er jo ein fredag kveld, og derfor kombinerer vi konserten med stor kafé som sel kaker og kaffi, brus, pølse i brød og litt anna snacks. Så det er berre å setja av kvelden, seier Ole Bergesen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. Sidan Kulturhuset ikkje har kortterminal, vert folk vidare bedne om å ta med kontantar.

Dørene vert opna ein time før konserten, og det vert «først til mølla» plassmessig.

– Men alle får sjå godt. Blir det fullt på dei 650 plassane nede i salen blir tribunen teken i bruk. (scena vil vera vendt mot tribunen), forsikrar Bergesen.

Vidare får me vita at alle får eit lodd ved inngangen som det blir trekning på etter konserten, og vi får òg med oss følgjande oppmoding til bygdefolket:

– Ta turen og ver med på å feira Fitjar Kraftlag som er ein svært viktig aktør og støttespelar innan idrett og kultur i Fitjar. Dette blir ein folkefest av dei sjeldne, men det vil vera bra om de som bur mest sentralt vil la bilen stå heime for å unngå parkeringsplassproblem.