Sidan byrjinga av 80-talet har det vore arrangert sykkelritt Stord rundt. Sykkelinteressa er aukande. Kanskje er det din tur til å vere med i år? 

Fitjarposten har snakka litt med Tor Jørgen Larsen om både Stord rundt og sykling generelt. Tor Jørgen har for tida sommarjobb hos MX-Sport, og er sjølv ein erfaren syklist. Mellom anna har han fem gonger sykla «Birken» og fått merke kvar gong.

Han fortel at det er to klassar i Stord Rundt. 1. Turklasse. 2. Trimklasse. Merk deg at turklassen er for dei som vil køyre fort på tid, medan trimklassen er for dei som vil ha ei sykkeloppleving uten å konkurrere.

– Den siste klassen kan alle med normal god form vere med i, sjølv om dei ikkje er mellom dei som fresar rundt på vegane i dagleg trening. Ein god landevegssykkel vil då vere ein fordel, men det går sjølvsagt an å ta seg fram på andre syklar òg. Dei fleste syklar i dag er utstyrt med det ein treng til ein slik tur. Men har du ein gamal sykkel, kan det vere lurt å få han justert, smørt og sjekka. Det kan du få gjort hos oss for eit par hundrelappar og oppover, alt etter kor mykje som må gjerast med sykkelen din, smiler Tor Jørgen bak disken hos MX.

– Tar du ut på ein slik tur, er det viktig at du tar deg ein skikkeleg frukost før du startar. Undervegs kan du plusse på med sjokolade og bananar – og ikkje minst drikke. Ha gjerne to flasker på sykkelen, oppfordrar Larsen. 

Vidare understrekar han at det er viktig å kle seg etter vêret. – Du kan bli mildt sagt veldig kald om vêret slår til med regn og vind og du ikkje er kledd for det, seier han.

Fantastisk med fjellvegane
– Fantastisk, seier Tor Jørgen om dei nye vegane som no vert lagt i fjellet. – Når det heile er ferdigstilt, vil det gje aldeles supre, bilfrie treningsforhold for syklistane. Ekstra gøy er det då med ein terrengsykkel. Det har fleire lette gir, betre demping og breiare hjul, seier Tor Jørgen Larsen til slutt