Elevane ved barne- og ungdomsarbeidarfagklassen VG2, Fitjar vidaregåande skule, utfordrar igjen alle som kan – og vil – til å lage eit pepperkakehus.


– Eller kanskje bare ein pepperkakemann?! 
Her er det berre kreativiteten som set grenser! 

Kunstverka vert som vanleg stilt ut i andre etasje i Larsenbygget

.
– Alle pengane me får inn, sender me uavkorta til ein barneheim og ein aldersheim i Ukraina! Det er ekstra behov no som det er så mykje uro der nede, skriv elevane i ein e-post til fitjarposten.no.



Elevar frå klassen tek imot byggverka laurdag 22. november og vert elles å treffa med «pepperkakeaktivitetar« laurdag 29. november og søndag 30. november.


Offisiell opning av pepperkakebygdo vert 29. november. 

Ingressbilete: Frå ein tidlegare peparkakeby hos Larsen. Arkivfoto:FP/HCH