Førstkomande laurdag er det duka for Midtfjelldagen for andre gong. Og det er mykje å vere med på. Bilde: Frå Midtfjelldagen i fjor. Foto: FP-arkiv/HCH

Det heile startar med turmarsj frå Fitjar Idrettspark, med oppmøte frå kl. 10.30 og fellestart kl.11.00. Det er gratis å delta, men for å få medalje må du registrere deg. Då kan du òg få registrert om du deltok i fjor. Det er lurt for når du har vore med tre gonger har du gjort deg fortent til plakett. Ein går same løype som dei som spring motbakkeløpet.

Sjølve motbakkeløpet «Først til mølla» startar med fellesstart kl 13.00. I fjor var det 65 som deltok, og førehandspåmeldinga tyder på at det kan bli fleire i år. Premie for beste tid i respektivt herreklassen og dameklassen er kr 5000,-. Beste fitjarløparar i dame- og herreklassen vil få gåvekort + 500 kr kvar. Torstein Tengsareid som vann i herreklassen i fjor, stiller i òg i år. I dameklassen har ein fått påmelding frå ein motbakkeløpar i absolutt toppklasse. Eli Anne Dvergsdal kan skilte med sølmedalje frå EM i motbakkeløp. 

Torstein Tengsareid under «Først til mølla» i fjor. Foto: FP-arkiv/HCH

Mellom publikum vil det bli gjettekonkurranse på beste tid for herrer og damer, med følgjande premiering, og som i fjor vil O-gruppa òg i år arrangere O-løp i Midtfjellet.

Geir Arne Isdahl under O-løpet i fjor. Foto: FP-arkiv/HCH

Om du ikkje ønskjer å gå til Midtfjellet, kan du ta buss.

Arrangementansvarleg, Ole Bergesen, fortel at det vil gå bussar frå Fitjar Kultur- og Idrettsbygg frå kl. 11.30. Er det mykje folk vil bussane gå fleire gonger. – Folk med spesielle behov kan køyre bil opp, seier Bergesen.

På toppen ved mølle B12 opnar kiosk med bord og stolar kl. 11.00. Her vil du kunne kjøpe kaffi, lapskaus, pølse, vaflar, kaker og brus. Vidare vil dei politiske partia ha stands, og det vert snakka om «eit tverrpolitisk musikkinnslag». 

På Midtfjellet Vindkraft sin stand kan du vere med på quiz. Dei legg òg opp til aktivitetar for borna og delar ut ymse effektar. Sparebank ! SR bank deler òg ut ymse effektar og stiller med «Labb og Line», som borna vart kjende med i fjor. 

– Karateframsyninga som tidlegare vart annonsert, går ut i år , men stas blir det når Midtfjellet sin eigen superhelt Wind Miller dukkar opp.

Så er det berre å vone at me får det fine vêret som er meldt.

– Vert det mykje vind set me opp to bussar som vindskjold, seier Ole Bergesen, til slutt.