Om ettermiddagen 1. oktober er det duka for den tradisjonsrike eldrefesten på Fitjar vgs i samband med den internasjonale eldredagen.

– Alle pensjonistane i kommunen er hjarteleg velkomne, seier ordførar Wenche Tislevoll, og fortel at det vil bli eit variert program der ordføraren, ho sjølv, ønskjer velkomen.

Vidare vert det tale av Åshild Ulstrup, opplesing ved Per Drønen, musikk ved Harald Rydland og song av Edith Helland og Jørgen Bauge.

– Dette vert ei feststund med gode snittar, kaker og kaffi attåt, lover ordføraren.