Etter lange kveldar med førebuing er Oliver André Matre og bobla hans klare for landsfinalen i bilcross, som går av stabelen på Kongsberg komande helg.

Som den første nokon gong frå Fitjar Racing Team er Oliver kvalifisert for landsfinalen i bilcross, senior. Dette nålauga kom han gjennom i april under første runden i Vestlandsmeisterskapen i bilcross på Eikås Motorsportsenter i Bergen. Men han hadde ingen enkel veg fram til femteplassen, som gav tur til Kongsbertg og landsfinalen. Etter «rattrust» og store tekniske problem enda han i siste sporet i D-finalen. Men derfrå og inn var Oliver ustoppeleg i Bergen, og vann både D-, C-, og B-finalen før han kom inn til femteplass i A-finalen. Trass i tekniske vanskar også i det siste løpet.

Utover i sesongen har Oliver slite med tekniske vanskar av ymse slag, men no vonar han at vanskane skal vera over for i år. Dei siste vekene har han jobba flittig for å få VW-bobla si i best mogleg stand til det store løpet. Han har blant anna nyoverhalt motor på 2,4 liter på plass. Tysdag denne veka var han i Vikedal og testa bilen, og det meste såg ut til å fungera fint. Og torsdag reiser han til Kongsberg for å delta i landsfinalen.

Med seg over fjellet har han eit solid mannskap. Crosskartmeister Ingve André Strand tar bobla med seg i tilhengaren sin. Med i støtteapparatet elles er Nils Smevik, Håvard Dalen, Eirik Fausk og Kristina Sætre. – Det er viktig å ha eit sterkt mannskap om det skulle skje noko, seier Oliver. Han fortel at første heatet startar fredag kl. 18.00, og dei to siste innleiande heata går laurdag føremiddag. Så er det finalar om ettermiddagen.

Oliver fortel at det blir køyrt A-, B-, C-, D- og E-finalar. – Målet er sjølvsagt å nå ein finale, seier den optimstiske bilkcrossføraren til slutt.


Det har blitt lange kveldar for den ihenrdige bilcrossføraren i det siste. Foto: Kristina Sætre.


Med nyoverhalt motor på 2,4 liter vonar Oliver å halda følgje med dei beste. Foto: Kjetil Rydland.

 


Desse toppane får ikkje vera med til Kongsberg. Foto: Kjetil Rydland.