Illustrasjonsfoto: Stockphoto

Leiande helsesjukepleiar Linn Therese Olaussen ber oss i ei pressemelding minna publikum om at det er tid for vaksinering. Følgjande risikogrupper vert tilrådd vaksinasjon mot influensa og pneumokokksjukdom:

• Personar over 65 år
• Bebuarar i omsorgs-, alders- og sjukeheim
• Gravide i 2. og 3. trimester. Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko kan vurderast
• Vaksne og born med

  • kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
  • kronisk hjarte/kar sjukdom, spesielt personar med alvorleg hjartesvikt
  • sjukdom som gjev nedsett infeksjonsmotstand
  • diabetes type 1 og 2
  • kronisk nyre- eller leversvikt
  • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
  • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege
  • svært alvorleg fedme, dvs. BMI over 40 (BMI = kg/m2)

Fitjar helsestasjon gir tilbod om influensavaksinasjon for alle grupper følgjande dagar:

  • TYSDAG 5. NOVEMBER KL. 08.30–14.00
  • FREDAG 8. NOVEMBER KL. 08.30–14.00
  • TYSDAG 12. NOVEMBER KL. 08.30–14.00
  • FREDAG 15. NOVEMBER KL. 08.30–14.00
    (NB! Helst betaling med kort eller VIPPS hjå Fitjar Helsestasjon)

Vidare vaksinasjon vil skje hjå Fitjar legesenter hjå den einskilde fastlegen, gjennom timebestilling. Det er då sett opp følgjande tidspunkt: Waleed Brisam 08.11, 13.11 og 18.11 kl. 12-15. Gabor Borgulya 01.11 og 15.11. Alina Bumbar 05.11 kl. 8.30-10 og 13-15, og 07.11 kl. 12.30-14.30.

Friske personar over 65 år, gravide, barn og helsepersonell kan ta kontakt med Fitjar Helsestasjon for timebestilling utover oppsette dagar. Influensavaksinen kostar 200 kr, pneumokokkvaksinen 500 kr.

For meir informasjon/spørsmål ta kontakt med fastlegen din, Fitjar legesenter tlf. 53457190, Fitjar helsestasjon, tlf. 480 48 730 / 915 24 832 eller helsestasjon@fitjar.kommune.no.

Sjå elles nettsida til Folkehelseinstituttet: www.fhi.no.

- Annonse -