Laurdag ettermiddag skal Ingvild Oma i elden under fylkesfinalen i Ungdommens Kulturmønstring i Grieghallen i Bergen. – Eg håpar stemma held, seier ho til fitjarposten.no.

I Fitjar er Ingvild allereie godt kjend etter å ha framført song og pianospel i svært mange samanhengar. Men det er første gong ho deltek i UKM. Grunnen til at ho vart med i år var at ho vart oppfordra til å melde seg på, og så gjekk det så bra at ho gjekk rett  til fylkesfinalen.

I Peer Gynt-salen i Grieghallen skal ho framføre popballaden «Just thought I should let you know» til eige pianoakkompagnement. Sjølve sceneframføringa kvir ho seg ikkje så mykje til. – Eg likar svært godt å stå på scena, men eg vonar stemma held. Eg har det med å bli litt småforkjølt i samband med framføringar, smiler ho.

– Du har allereie synt at du maktar å gjera songane du syng til dine eigne i måten du framfører dei på. Er det bevisst?

– Av og til. Det eg prøver på er å skjøna kva eg syng og så å leve meg inn i songen, for å  få fram det eg opplever i samband med han, seier Ingvild, som starta sin musikalske løpebane i Kulturskolen i Askvoll. Til hausten tar ho til på Kongshaug musikkgymnas. Det gler ho seg til.

Men først skal ho konkurrere med rundt 350 andre om å koma mellom dei 20 som kjem til landsfinalen i Trondheim.

Akkurat det med konkurranse er ho elles ikkje særleg begeistra for.

– Songen er veldig personleg for meg, og då kan det vere så som så å bli vurdert. Men det er jo greitt når det går bra, smiler ho til slutt.