Klager på reguleringsplanen for FV 545 Fitjar – Rimbareid er behandla i utval for Plan og miljø. Klagene vart avviste, men administrasjonen skal arbeide vidare med å finne nye parkeringsplassar.

På sist møte i Utval for plan og miljø vart klager på den stadfesta reguleringsplanen for FV 545 behandla. Klagene var i all hovudsak retta mot tap av parkeringsplassar ved kyrkja og bedehuset. Også problem med støy vart teke opp av dei som klaga.

Frå administrasjonen blei det peika på at alle tilhøva for klagene var kjende då reguleringsplanen vart stadfesta i kommunestyret. Ingen nye argument var komne til i klagene. Utgreiing om støyplagene ville følgje normale prosedyrar og var eit ansvar for Statens vegvesen som byggherre.

I klagene var det og sett fram krav om å leggja om vegen i ny trase. Dette vart ikkje drøfta sidan reguleringsplanen var stadfesta.

Utval for plan og miljø var samde med administrasjonen om at klagene ikkje fekk medhald, men la til eit punkt der dei bed administrasjonen arbeide vidare med å løyse parkeringsproblematikken. Også parkeringsplassar for funksjonshemma skulle utgreiast.