Det var godt frammøte på Rimbareid skule då o-folket innleidde sesongen onsdag ettermiddag.

Heile 32 gutar og jenter, dei fleste frå 2. og 3. klasse, møtte opp til sesongstart ved sykkelskuret på Rimbareid skule. Minst like mange foreldre stilte opp i det kalde, pene veret for å hjelpa arrangørstaben og sine eigne håpefulle. Rolf-Atle Rolfsnes i Fitjar IL seier dette er viktig i o-sporten for å få barna med vidare. Kvar gong er det ein ny plass, og det kan vera litt utfordrande å forstå kartet og finna fram i starten.

Onsdag hadde arrangørane laga til tre korte løyper på kartet over skulen. Etter det me kunne sjå, var engasjementet stort både hos barn og vaksne. Orienteringsløparane bruker i dag (EKT) elektronisk kontroll og tidtaking, og det ser ut til å vera spennande for dei unge. Alle stemplingar blir registrert i brikken som løparane har med rundt løypa, og som dei stemplar på dei enklelt postane.

Neste onsdag kl. 17 (kl. 18 for 3. klasse) blir det nytt rekruttløp, denne gongen frå Fitjar kultur- og idrettsbygg. Dei vidare planane for sesongen finn du i denne artikkelen på fitjarposten.no.