GullAdam som annonserte heftig også i lokale media i fjor, kjøpte mykje gull her i bygda.

Ein statistikk frå firmaet syner at fitjarbuen selde gull for over ein halv million kroner til dette firmaet, eller endå meir presist: Dei selde 1,8 kg gull, og med dagens kursar vert det over 500 000 kr. Rangerer ein kommunane i Hordaland i høve til sal, kjem Fitjar på 5. plass.