Ordførar Wenche Tislevoll og rådmann Atle Tornes vil smykke kontora sine med prestisjetunge designmøblar frå Italia. Møblane er allereie bestilt.

– Me synest dette er ein god måte å nytte inntektene frå eigedomsskatten på. Det er viktig for ein kommune som Fitjar at me er presentabel i beste forstand, ikkje minst når me har mottaking på kontora våre med folk som kan gjere ein forskjell i kommuneøkonomien vår, seier Tornes til fitjarposten.no.

– Designmøblar er dyrt. Kor store summar snakkar me om?

– Det har eg ikkje lyst til å gå ut med, men eg har god tru på at desse utgiftene vil me tene inn att med renter, seier Tornes.

Ordførar Wenche Tislevoll er i dag i møte Oslo, og det lukkast ikkje fitjarposten.no å få ein kommentar ifrå ho.