På Fitjar skulekorps sitt bruktmarknad kan du få tak i det meste, so kvifor ikkje kjøpa julegåvene frå dei i år? Berre hugs å seia i frå om når du ynskjer å koma.

Fitjar skulekorps gleda seg først til å arrangera loppemarknad, men koronaen sette ein stoppar. So tenkte dei å halda loppis i ein litt anna form, gjennom «pop-opp» bruktmarknad, men ogso det vart utsett. No har dei funne løysinga, og lovar at det vert marknad i Sentrumsgården uansett.

– Me kom på ideen om å dela dagane inn i 30 minutts etappar, slik at folk melder seg på til eit vist tidspunkt. Dei får då 30 minutt til å handla på, før me får 10 minutt på å desifinisera før neste gruppa kjem inn, fortel Kari Konglevoll Prestbø på vegne av korpset.

Om ein ynskjer meir enn 30 minutt er det sjølvsagt lov å melda seg på fleire tidspunkt, legg Prestbø til.

Godkjent av kommunen

Ho fortel at smittevernlegen i Fitjar tykte ideen var lur, og godkjente planane deira.

– Det er plass til 12 personar inne i lokalet samstundes, men me har venteliste på 3 personar til kvart tidspunkt dersom ein vert forhindra for å kome til oppsett tid.

I tillegg til påmelding, persongrensa ved kvart tidspunkt, vil alle få munnbind og hanskar ved inngangen.

– Me er veldig opptatt av smittevern, og bruktmarknaden skal vera heilt trygg å koma på. Det er viktig at folk melder seg på slik at me har kontroll, og unngår press i døra. Me håpar folk vågar å ta turen, for me har mange fine lopper å frista med, fortel Prestbø.

Har det meste

– Har du nokre spesielle godbitar å lokka med?

– Det er vanskeleg å dra fram noko på sparken, for me har alt mogleg, men det er gode sjansar for å finna julegåver hos oss, fortel Prestbø.

Ho kan nemna leker, spel, puslespel, bøker, sølv, norsk porselen, krystall, retroting, kjøkkenutstyr og julepynt.

– Me har fått inn eit hjortehovud, og eit handlaga bord frå 1930-40 talet for å nemna kanskje det meste spesielle eg kjem på, fortel Prestbø Ho lovar at det vil koma mange smakebitar på facebook-hendinga fram til bruktmarknaden den 29. nov, 5.des og 7.des.

– Påmeldingsinformasjon og dei ulike tidspunkta dei kan velja mellom finn ein på Facebook, avsluttar Prestbø.