I løpet av eit par år treng kommunen å rekruttera ein eller to nye legar.

 

Mange distriktskommunar har valt å kjøpa hus for å kunna tilby tilfredsstillande bustader til legane sine. I Fitjar ser ein no at det kan vera ei klok og nødvendig løysing. Det er i dag svært få tilbod i kommunen til folk som ynskjer å leiga bustad.

Med bakgrunn i den aktuelle situasjonen, gjorde kommunestyret i dag samrøystes vedtak om å kjøpa ein bustad så snart som mogeleg. Bustaden bør ha 3 soverom, og skal leigast ut til lege som har avtale med kommunen. Kjøpet skal finansierast over helsebudsjettet og ved leigeinntekter.