F.v. Gro Rydland, Kjersti Toppe, Grete Marit V. Maraas og Kristian Skumsnes i ivirg samtale. Foto: Fitjar Senterparti

Fitjar Senterparti fekk brått uplanlagt besøk frå stortingsrepresentant Kjersti Toppe.

– Heldigvis var me fleire som fekk tid til ein liten prat med ho, og praten sat laust rundt kaffibordet heime hos Grete Marit Veka Maraas, skriv leiar i Fitjar Senterparti Gro Rydland til Fitjarposten.

Rydland fortel at Toppe tok turen innom på veg til Etne.

– Kjersti og rådgjevaren køyrde fv. 545 på vestsida av Stordøya til Fitjar, og fekk oppleve mange svingar og strekningar utan gul stripe. Me i Fitjar Sp fortalde ho at dette er omkøyringsvegen for E39 ved uhell, og også ein veg fleire store køyretøy tek i staden for austsida fordi det er nokre km kortare. Me minte om at dei andre fylkesvegane i kommunen også skrik etter forbetring.

– Dersom fylket skal få til å rusta opp fylkesvegane med tanke på mjuke trafikantar, persontrafikk og kva næringslivet treng, må løyvingane frå Stortinget bli langt høgare, dette må me sjå på i vårt alternative budsjett, svara Kjersti, som lova å kome tilbake i lag med Nils Bjørke og sjå nærare på vegane.

Stortingsval til neste år

Fitjar Sp rakk å ta opp fleire tema med Toppe, blant anna korleis kommunane kan hjelpe dei som slit og treng tilrettelegging, eit tema Fitjar senterparti bryr seg om. Det høgaktuelle tema om korona-utgifter vart ogso prata om.

– Utgiftene til ekstra bemanning og vikarar har auka mykje på grunn av koronasituasjonen. Me fortalde Toppe at Senterpartiet må halde oppe trykket for å sikra at kommunane får økonomisk hjelp til desse utgiftene.

Les ogso: Koronaramma kommunar risikerer å ikkje få dekt alle utgifter

Gro Rydland fortel at dei fortalde Toppe kva som fungerer i Fitjar.

– Det er svært mykje som fungerer godt, innan ulike sektorar. Fleire har flytta til kommunen i det siste, og arbeidsløysa går ned. Likevel er det nok mange som er usikre framover, særleg med tanke på arbeidsplassane. Dette må me tenkja på når me lagar program til stortingsvalet. Kjersti sa seg einig i dette og oppfordra medlemmane i partiet og andre interesserte til å påverka programmet.