Den 15.  sommarrevy på Fitjar, Fitjar i vinden, hadde fredag kveld premiere, til stormande jubel.

Etter 15 år skal det godt gjerast i hiva seg på ein ny runde med rolp, men det er akkurat det revygjengen Ole Bergesen, Henning Wichmann og Terje Træet har gjort. Denne gongen er Hans Morten Hansen tilbake, etter fleire år på andre trakter og prosjekt, noko han delte villig vekk med publikum. Med frå i fjor er Morten Fredheim og flunkande ny av året er fitjarjenta Ranveig Matre Berrefjord. Dei to sistnemnte er sterkast representert på songnummera.

Tittelen røpar at nærmiljøet sit i høgsetet i denne revyen, både det heilt nære, men også ting som rører seg i andre enden av øya. Dert er likevel meir enn nok av lett gjenkjennelege ting å ta fatt i i fitjarbygda. Som til dømes vindmøllene. Både utbyggjar, støyråka og andre involverte får sleppa til med sine innfall, anfall og utfall  i samband med den saka.

Men det var også nummer av meir generell karakter, som fekk opp stemninga kanskje vel så mykje som det lokale og dagsaktuelle. Det er alltid kjekt med ukurrante kostyme, og når det i tillegg kjem i form av eit danseband, eit utgangspunkt der alt kan skje, var det mange som koste seg. Også eit skjelett i uvante roller vekte allmenn morskap, med påfølgjande undring over korleis ein slik ide kan oppstå og utvikla seg, men det er vel slik som kjem lettare for dei som har gjort det til ein stor del av livet sitt å koka saman desse sommarrevyane.

Apropos skjelett; Med dei same folka som ryggrad i sommarrevyane, er det høg grad av gjenkjenning år etter år. Somme ting, eller rettare sagt karakterar, ventar ein å finna att i kvar revy. Så også i år. Wichmann sin tilårskomne «Oscar» kjem med sine filosofoske utleggingar, Tore Eikeland fortel om sitt arbeid i folkehelsa si teneste i Fitjar, og den freidigaste av dei alle, «Fitjarbuen» i Bergesen si tolking, tar teltet med storm.

Denne revyen har mange gode påfunn og poeng. Det var variasjon mellom sketsjar, songar og meir klassisk stand up, alt i alt ein kombinasjon som fall i god jord hjå dei fleste. Og dei som har sett fleire sommarrevyar enn underteikna, meinte dette er ein av dei beste.