Fitjar bedehus var nesten fullsett då Håkon C. Hartvedt ønskte velkommen til songkveld.

Det var fokus på kjende og kjære songar i «Sangboken», både i allsong og når utøvarane deltok. Elisabeth og Olav Oma song duett, både med og utan gitar: Eg er ein gjest i verda, og Jeg vil heller ha Jesus enn perler og gull. Johannes Olsen spela og gitar då han song Ren og rettferdig, himmelen verdig.

Harald Rydland sat ved pianoet under allsongen, og han akkompagnerte Kjerstin Stokken då ho bl.a. song Ver ikkje redd, du har ein Frelsar.

Håkon C. Hartvedt leia programmet på sin lune måte med både alvor og humor, og han framførte fleire songar til eige akkompagnement på gitar. Fleire av utøvarane var forsongarar under allsongen. Det var flott å vera til stades og høyra både tekstane og den mektige songen.