Fitjar spela sin første seriekamp for sesongen laurdag ettermiddag, og slo til med ein skikkeleg pangopning i kampen mot nyopprykka Flaktveit frå Åsane. Heile 6 –2 er svært overtydande, og Dicki Stensohn var også kjempenøgd med fitjarspelarane si innsats. –Særleg var me gode på kontringane i motvind, og alle jobba godt i dag, seier han til Fitjarposten. Sindre Andreassen vart kåra til banens beste spelar, og stod òg for ein av skåringane. Dei andre Fitjarspelarane som kom på skåringslista var: Åsmund Sørfonn, Kjell Træet, Ronald Skår, Arild Træet og Thomas Vestbøstad.