Asle Kvamsdal som skyt i klasse junior for Fitjar skytterlag, varta i helga opp med kjemperesultat, noko som resulterte i tre gullmedaljar.

PÅ Tyssestemnet  fekk han fantastiske 350 poeng med 30 innartiarar, og på Holdhusstemnet i Eikelandsosen gjentok han bedrifta: 350 poeng med 30 innartiarar no òg.
 
På Vindafjordstevnet fekk han 349 poeng.
 
Jakob Vik frå Fitjar skytterlag vann klasse 4 med 241 poeng i Vindafjord, og Randi Beate Rydland, i same klasse,  vart nr. 3 med 238 poeng.