Me kan no røpe hovudpremien i Fitjarposten si julekalender: Eit vekeopphald for to vaksne og to born ved eit av dei beste vintersportanlegga  i landet.

Då me starta julekalenderen i år, sa me at alle som deltek og svarer rett på eit eller fleire spørsmål, i tillegg til daglege premiar, også vil vera med med i trekninga av ei ekstra overrasking 24. desember. No kan me røpe at denne overraskinga er overnatting med frukost i 7 (sju) dagar for to vaksne og to born på Øyer Gjestegård ved OL-løypene på Hafjell. Tidspunktet for opphaldet er ikkje tidfesta, men kan avtalast direkte med dagleg leiar på hotellet. Premien kan ikkje innløysast i pengar.

Dagleg leiar på Øyer Gjestegard er fitjarbuen Arne Kjelsnes frå Stranda. Han har slett ikkje gløymt at han er i frå Fitjar, likar å følga med på kva som skjer i heimbygda,  og vil gjerne sponsa Fitjarposten og julekalenderen på denne måten. Me takkar og bukkar, og er visse på at dei heldige vinnarane kan gle seg til  eit strålande opphald på dette flotte og barnevennlege hotellet.

Les meir om hotellet her

Julekalenderen finn du her!