Laurdag slo Misjonssambandet til igjen med DEN STORE misjonsbasaren som dei har annankvart år. Og resultatet vart over 100 000 kroner til misjonen.

Mykje folk var det på bedehuset både frå morgon til kveld, og trekning vart det både av lodd på bok og ved åresal. I tillegg var det som før ein bruktmarknad ute i hallen, kafe med mellom anna sal av komle, auksjon og meir vanleg julemessesal. Som seg hør og bør på ein misjonsmesse vart det dessutan både song og andakt. Songen tok Fitjar barnegospel og Damekoret Adonai seg av, mens Anne Kristine Rosberg tala på familiemøtet om ettermiddagen, og mens Gunnar Hamnøy  stod for forkynninga på kveldsmøtet.

Mykje godsaker var å få kjøpt. Foto: Håkon C. Hartvedt


Tombola var òg populært. Her sit Synnøve Aarskog med loddboksen. Foto: Håkon C. Hartvedt


Lodd på bok. Mellom anna kunne ein vinne flotte kransekaker. Foto: Håkon C. hartvedt