Fitjar Mek. signerte i går kveld kontrakt for endå eit nybygg for Kystverket. Kontrakten er verdt 145 milionar kroner. Båten skal leverast i mars 2013.

– Ei fin julegåve, smiler verftsdirektør Hugo Strand. – Fantastisk dag for bygda, seier ordførar Wenche Tislevoll, som gler seg stort både over denne kontrakten og kontraktane til Wärtsilä som óg vart kjent i dag.

Den nye båten for Kystverket har fått namnet OV Skomvær og er ein del av Kystverket si flåtefornying. I følgje nasjonal transportplan skal dei ha tre båtar til innan 2019.

– No gjeld det berre at me gjer ein god jobb på dei to båtane me har fått kontrakt på, så kan me kanskje konkurrere om dei tre siste òg, seier Strand til fitjarposten.no.

– Dette er uansett ei fin tillitserklæring, både til Wärtsilä Shipdesign som har designa båten, og til oss som skal byggja han. Like eins er det ein god nyheit for mange lokale underleverandørar, fortset leiaren på Fitjar Mek. og legg til:

– 2011 har i det heile vore eit jubelår for oss. Me har skrive kontrakt på tre nybygg (Vendela + dei to for Kystverket) og tre båtar for Havbrukskontrollen (to arbeidskatamaranar og ei fôrflåte). I tillegg har me hatt to ombyggingar for DOF og mykje servicearbeid for fiskeflåten.

Dette gjev oss eit svært godt grunnlag for at 2012 og 2013 òg skal bli gode år, seier ein glad verftsdirektør til slutt.