Det er no klart at alle dei tre banda ein vona på kjem til å halda konsert på Smedholmen, fredag 20.august, under Fitjarfestivalen.

-Både «The New Wine»,  «Kakkmaddafakka» og «Kings of Convenience» har  bekrefta at dei kjem. Alle dei tre banda har nært kjennskap til kvarandre frå jamming i Bergen og i å dele scene på festivalar og turnèar, noko som kjem til å spegle gjennom på Fitjar der dei alle gledar seg veldig til å komme og lage fest, seier Lene Tufteland i Fitjar Festivalforening.

-Smedholmen Live, som arrangementet er kalla,  vil elles verta eit innslag i Fitjarfestivalen som vil by på både musikk og kunst. Fem kunsthøgskulestudentar frå Fitjar kjem i hovudsak til å jobba med den visuelle utforminga på holmen, saman med kunstnarvener, fagfolk og dugnadsvillige. Med dette innslaget følar me at festivalen kan by på mykje forskjellig for unge og vaksne, landkrabbar og sjøfolk, fastbuande og tilreisande, legg Lene til.

Det heile kjem til å gå føre seg mellom kl 19 og 23, slik at folk vert frakta tilbake til fast grunn før natta kjem. Det vert satt opp transportbåtar, men det vert også tilrettelagt så godt det går an for at folk kan ta eigne båtar ut.