Det seier Olve Torbjørnsen til fitjarposten.no og strekkjer armane i vêret etter å ha vore med i sykkelløp på trehjulsykkel på Rimbareid skule. Der skulle ein fortast mogeleg sykla rundt ei kjegle og tilbake igjen. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Sykkelløpet var berre ein av mange aktivitetar som var laga til for borna. I tillegg var det stylter, boksar som ein kasta ball imot, pilkast, lykkehjul, spikar slåing og natursti. Og premiar til dei som deltok vanka heile tida.

Smart var det å innreia basåne vest på skuleplassen som tivolibåsar med partytelt over. Og me såg ikkje anna enn at borna koste seg.

Kjekke «bodar». Foto: Håkon C. Hartvedt

Det gjorde folk inne i gymsalen òg der det vart sal av ymse slag godsaker – og der drøsen gjekk så latteren til tider runga rundt borda.

Foto: Håkon C. Hartvedt