Favorittsigrar til Oddvin Grindevik, Rune Aarbø og Tobias Hukset i årets fiskefestival, hindra ikkje Vidar Aasheim i å bli dagens mann med ein monstertorsk på over 12 kilo.

– Kjempekjekt, seier Vidar Aasheim om storfangsten under Fiskefestivalen i går. Han var litt overraska då det store fisketrynet nærma seg overflata, for fisken var eigentleg ikkje så tung å dra som ein skulle tru. – Det var tyngre då eg hadde fleire sei på kroken litt tidlegare, seier han.

Men han var sjølvsagt strålande fornøgd med fangsten. Dette monsteret av ein torsk gjorde òg sitt til at Vidar Aasheim enda heilt oppe på andreplassen samanlagt i båtklassen, med over 33 kilo fisk. Dermed slo han fleire av førehandsfavorittane, og truga vinnaren Oddvin Grindevik, som måtte nøya seg med 38 kilo denne gongen. Dette var ein markert nedgang frå i fjor, då Oddvin drog opp fisk kontinuerleg i to timar, og kom til lands med over 152 kilo.      – I fjor beit det heile tida, så det var nesten ikkje spennande, seier Oddvin til Fitjarposten.

Også i klassane fiske frå land blei det favorittsigrar. Ringreven Rune Aarbø har vunne fleire gonger før, og i år henta han «som vanleg» 10 kg fisk frå Håskjeret, noko som heldt til ein klar siger. I klassen junior stong vann Tobias Hukset for tredje året på rad, med vel 6 kilo fisk.

I klassen junior frå båt var konkurransen sylskarp. førstepremien gjekk til Henrik Vikanes Opheim, med 11,75 kg, berre eitt hekto føre Amalie Riise på andreplassen. Men for begge desse, og for dei andre storfiskarane vanka det flotte premiar, gitt av velvillige sponsorar.

97 fiskarar var med i det finaste veret me kan hugsa å ha blitt velsigna med under Fiskefestivalen i Fitjar. Totalt blei det fiska 345,85 kilo fisk under årets fiskefestival, til stor glede for mange tilskodarar, som nytta høvet til å ta med seg heim fisk til middag.