Fredagskveld på kunstgraset var det nok ein stor kamp av damelaget. Denne gang møtte me Halsnøy som er eit godt lag og ligg som nr.2 på tabellen.

Me opna kampen godt og fekk eit mål ganske med eingang i 1.omgang, viktig å scora ganske tidleg, då får me liksom litt roen.

Fitjar styrte det mesta i starten av 1.omgang og la på til 2-0. Men utover i omgangen får Halsnøy seg eit mål, og me dett nedpå og dei overtar kampen. I slutten av 1.omgang får Halsnøy seg nok eit mål, og stillinga til pause er 2-2.

I 2.omgang starter me igjen bra og overtek styringa på kampen, og legg på til 3-2. Men so er det noko som skjer, me stressar, snakkar lite og slår ikkje skikkelege pasningar, og me slepp Halsnøy inn igjen i kampen. Det går ikkje mange minuttane, så er det Halsnøy som scorer, og plutseleg har dei fått enda eit til. No leiar Halsnøy for første gang i kampen og stillinga er 3-4. No ser det skikkeleg svart ut……

Halsnøy var skikkeleg farleg på døballar, så det var mykje klabb og babb foran Fitjar målet, men heldigvis blei det ikkje mål. Så klarer Fitjar å komma seg lenger opp på banen og jammen scora me og, den smakte!!! 

No var det cirka 5-10 minuttar. igjen, og stillinga var 4-4 (Skikkeleg Thriller) Då fekk me nye krefter heila laget og jobba på. Ca. 1 min før slutt får Elin Kvia tak i ballen og skyt hardt og kontant ,vel plassert i kryssen. Hvilket mål, og so viktig!!!!!!!!!!!
   
Då tok dommaren fløyta og bles av, me vann 5-4!!!!!!!!!

Dette var nok ein skikkeleg knivekamp frå start til slutt, skikkeleg lagsiger som smakte vannvittig godt……
No har me 2 bortekampar igjen og dei skal me spela neste helg, vinn me dei og Fana taper ein av sine, er me serievinnarar!!!!!!