Ingve Andrè Strand gjorde eit strålande comeback då han blei nr. 4 i NM runden i crosscart i helga.

Rallyrunden gjekk på kjende Momarken Travbane i Mysen, og det var 25 deltakarar med i 650 klassen, som Ingve deltok i.

-Eg var veldig spent på førehand, men etter noko nøling i dei innleiande rundane, gjekk det betre og betre. Og i finalen satt køyringa skikkeleg  bra, fortel Ingve til Fitjarposten. I det heile er det svært jamnt i toppen i denne klassen. -Det er faktisk 10-12 stykker som kan vinna NM, legg han til.