Onsdag ettermiddag drog det svære kranskipet Eide Lift 7 ut frå Dåfjorden.

Toppen av kranskipet ruva godt då me kom over Dåfjordbrua i går ettermiddag. Eideliften var på veg ut straumen etter å ha gjort ein liten jobb på Dåfjorden Slipp.

Steinar Andersen fortel til Fitjarposten at dei måtte ha hjelp med å sjøsetja M/F «SHJANDY». Under sjøsetjinga spora slippvogna av, noko som ikkje har hendt før i løpet av dei snart 100 åra dei har drive slipp i Dåfjorden. «Vervet» blei som kjent skipa i 1916, og slipp fekk dei i 1926.

Etter at dei hadde prøvd ulike løysingar for å få ferja på sjøen, viste det seg at dei måtte dei ha hjelp utanfrå. Eide Lift 7 er ei kjempe som er van med tunge løft, og brukte ikkje lang tid på å få den store ferja på rett kjøl. Dermed kunne ferja blåsa i fløyta så halve Dåfjorden rista, i yr glede over endeleg å vera på sjøen igjen.