Ingve André Strand og sonen Anders er på plass på Arena Wallenberg i Sør-Trøndelag, der siste runden i NM for crosskart går av stabelen i morgon.

Banen er heimebanen til NMK Orkla, som arrangerer siste NM-runden i crosskart, og ligg på Løkken Verk i Meldal kommune i Sør-Trøndelag. Her blei det drive gruvedrift i over 300 år, fram til 1987.

Men i morgon er det altså motorsport som gjeld. Anders vil nok vera fornøgd om han klarer ein plass blant dei 5-6 beste samanlagt. Men faren, Ingve André, har noko større ambisjonar. Om alt går hans veg, kan han faktisk gå heilt til topps. Men då må dei argaste rivalane hans bli nummer 4 og 5, eller dårlegare. Samstundes som Ingve André vinn runden i morgon.

Under treninga fredag kveld har kartane fungert slik dei skal, og alt ligg til rette for ein spennande NM-runde laurdag. Fitjarposten er ringside og vil halda lesarane oppdaterte etter beste evne.