Etter storsiger mot Stord Fotball 2 onsdag kveld er 14-åringane til Fitjar framleis med i kampen om puljesigeren.

Stord-gutane var sjanselause i den skarpe haustlufta på Fitjar onsdag kveld. Ved pause stod det 3-1 til Fitjar, etter at Daniel Skarpnes, Markus Tislevoll og Arild Fitjar Waage hadde scora kvar sitt mål. Reduseringa til 1-3 for Stord kom på straffespark.

I andre omgang scora dei same tre gutane på nytt kvar sitt mål, slik at sluttresultatet blei heile 6-1 til Fitjar.

Sigeren til Fitjar-gutane var heilt fortent. Ikkje berre var dei meir målfarlege enn motstandarane sine. I midtforsvaret hadde dei to svært stødige gutar i Hafsteinn Runarsson og Svein Arne Raunholm. Og keeper Jacob Mehammer er blant dei beste som finst på dette nivået.

Med kveldens siger har Fitjar-gutane framleis sjansen til å stikka av med puljesigeren for G14 2. divisjon. Men då må Solid avgi poeng i serieinnspurten, i tillegg til at Fitjar slår Trott i siste seriekapen, i Prestagardsskogen førstkomande søndag.

Oppmann Sonja F. Waage vonar foreldra tar turen for å heia gutane sin fram til siger. Diverre kolliderer gutekampen med A-laget sin skjebnekamp heime mot Fana 2, så enkelte vil nok lida valets kval, kva kamp dei skal satsa på.

Ingressbilete: Keeper Jacob Mehammer og midtstopparane Svein Arne Raunholm og Hafsteinn Runarsson hadde god kontroll på Stord-angriparane onsdag kveld. Foto: Kjetil Rydland.