Etter førsteplassen i NM-runden på Dokka ligg Ingve André Strand på tredjeplass i NM crosskart samanlagt, og med ein viss sjanse til å gå heilt til topps.

Resultatlista på nettsida til crosskart.no viser at Ingve André ligg berre to poeng bak nr 2. på lista, Jonas Dalseth Jacobsen frå Hålogaland. Opp til Lukas Walfridson på førsteplassen er det over 20 poeng, så det skal nok mykje til å gå heilt til topps. Då må svensken vera uheldig og havarera, eller iallfall hamna nede i ein B-finale. Men ein plass på pallen er altså ganske sannsynleg for Ingve André, etter som det er over 20 poeng ned til Christoffer Lia på fjerdeplassen.

Den siste og avgjerande NM-runden går av stabelen i Solør laurdag 27. august. Dette løpet er og ein NEZ-runde, dvs. i den nordeuropeiske cupen. Her har faktisk Ingve André sjansen til å gå heilt til topps samanlagt, dersom han klarer ein topp-3 i Solør. Då kan han nemleg stryka den dårlegaste plasseringa si NEZ. Første runden i denne turneringa gjekk av stabelen i Latvia, og der var ikkje Ingve André med. No har han fullt fokus på ei topplassering i Solør, og i så fall reiser han til Nysum i Danmark i september, for å kjempa om sigeren i NEZ samanlagt. 

Pressetalsmann Sigurd André Maraas fortel at Ingve Andre er taktisk god. Han er spesielt smart når det gjeld å utnytta det såkalla alternativsporet. I løpet av kvart heat skal alle løparane ein runde ut i dette sporet, som er fire-fem sekund lengre enn hovudsporet. Det kan ofte vera lurt å liggja litt bak eit stykke ut i løpet og la dei fremste kjempa seg imellom, medan han ligg litt lenger bak og kjører sitt eige løp. Dei som kjempar om leiinga øydelgg gjerne litt for kvarandre og taper litt fart og krefter. Ingve André har vist seg flink å setja inn støtet på rett tidspunkt og komma seg opp i teten. Det er nødvendig å halda hovudet kaldt når han kjører. Stressnivået er høgt og hjarta bankar for harde livet. For å tåla dette best mogleg i er det viktig å vera i god fysisk form. Det er Ingve André, men han vil etter kvart tenkja meir på å halda seg i endå betre fysisk form. Med tanke på neste sesong vil han tenkja meir på dette, også for å få vekta litt ned. Mange av førarane er lette, og dette er sjølvsagt ein fordel for dei små crosskartane.

Crosskarten til Ingve André har fungert godt i heile sesongen. Det gjeld berre om å få den til å fungera optimalt med enkelte små justeringar av støtdemparar, fjører og lufttrykk. Dette må justerast for kvar ny bane dei kjem til for å få best mogleg effekt på denne bestemte banen, med nett det underlaget og dei svingane. Elles fortel Ingve at det er minst like viktig å ha gode bremsar som god motor. Då kan han halda gassen inne LITT lenger før han må begynna å bremsa framfor kvar sving. Han fortel òg at ein så liten detalj som å børsta dekka med ein stålkost før løpet, kan vera avgjerande. Dekka blir nemleg heilt blankpolerte av grusen under løp.

Med tanke på neste sesong seier pressetalsmann Sigurd André Maraas at dei vil jobba med eit meir systematisk opplegg. Etter som alle dei beste førararne er nesten jamgode, blir dei små detaljane avgjerande. Både fysisk form og tekniske detaljar vil få meir konkret fokus framfor neste sesong.

Men akkurat no er det løpet i Solør neste helg som gjeld. Heile racingteamet kryssar fingrane for ei topp 3-plassering i siste NM-runden og samanlagt. Og sjansar for samanlagtsiger i NEZ, for då ber det til Danmark i september.