Ingve André Strand og sonen har vore i Sverige i pinsehelga og køyrt jamt med dei beste svenskane i crosskart.

I går og i dag har første runde i årets NEZ Cup – North European Championship – blitt avvikla i Höljes rett over svenskegrensa.

Som vanleg hevda den norske meisteren vår seg godt i selskap med dei mest skarpskodde crosskartførarane i Skandinavia.

Etter to førsteplassar og ein andreplass i innleiande heat blei det sjetteplass i dagens A-finale.

Også sonen, Anders Halleråker Strand, har hatt ei god helg i Sverige. I dei innleiande heata blei det tre andreplassar, og i B-finalen blei det sjetteplass. Ein tolvteplass totalt blant dei beste i Skandinavia er meir enn godkjent for Anders.


I helga kunne fansen følgja med på løpet i Sverige på nett-TV. Foto: Skjermdump.

Pressetalsmann Sigurd André Maraas seier at teamet er godt fornøgd med helga i Sverige. Dei har fått god trening i å testa litt forskjellige innstillingar på vognene, og ser fram til neste NM-runde, som går av stabelen 13. juni på Krabyskogen utanfor Gjøvik.

Her er eit utdrag av resultatlista i den største klassen, 650 ccm.

1. Andreas Carlsson, Säffle MC
       
2. Oscar Solberg, KNA Indre Ytre Østfold
       
3. Marius Vardberg, NAF Motorsport Vålerbanen
       
4. Rikard Berglund, SMK Gavle
       
5. Anders Michalak, MK Orion
       
6. Ingve Andre Strand, NMK Vikedal

Komplett resultatliste over alle klassane kan du lesa her.


Sigurd André Maraas, Anders H. og Ingve André Strand ser med optimisme fram til neste NM-runde i crosskart.