Grete Marit Veka Maraas har meldt opp tre saker til « Sak 10/15 Ymse» til kommunestyremøtet torsdag 4. mars. Sakene kan du sjå nedanfor.

Her er Veka Maraas sine innspel:

1. Ser at adresseprosjektet har vore omtalt i siste formannskapsmøte d.å.
Kan ordføraren orientera kommunestyre om status på prosjektet i møte 4/3-15?

2. Undertegna synest det var ei gladnyheit å høyra på siste utvalsmøte i oppvekst og omsorg om korleis det går med «sykkelprosjektet» på FBB. Ynskjer at helse og omsorgsjefen orienterar kommunestyre om utviklinga på dette positive tiltaket.

3. Siste tida har det vore mykje fokusert på meslinger og vaksine i media. Bladet Vårt Land 21/2 2015 , har ein artikkel ang mesling-utbrudd og vaksine. Der kjem det fram at dekningsgraden bør liggja på 93% for å sikra såkalt flokkimmunitet. Folkehelseinstittutet målsetting er 95%. Ser i oversikten over kommuner med høgast fare for mesling-utbrudd at Fitjar kommune  kjem ut med 88.5%. Kan helse og omsorgsjefen orientera litt om desse tala stemmer, og/eller evt kvifor Fitjar Kommune ikkje har høgare % dekning?

( Dette spørsmålet høyrer vel kanskje heime i utval for oppvekst og omsorg, men det er lenge til neste møte der, og dette er info som kommunestyre kan ha nytte av å veta)