Utflytta Fitjarbu Bernt Olaf Nesbø skal endeleg visa fram kunstverk sine på Fitjar.

– Bernt Olaf Nesbø er fødd og oppvaksen på Fitjar. Han er utdanna ved Norsk kunsthandverks skule Voss, Ålesund Kunstskole og Bergen Kunsthandverkskole, fortel kultur- og informasjonssjef Bente Bjelland, som gler seg til utstillinga.

Frå 1982 var han tilsett ved Den nasjonale Scene i Bergen, der han arbeida med framstilling av dekorasjonar. Seinare har han arbeid med dekor og scenografi for NRK, TV2, Grieghallen og andre kulturarenaer.

– Bernt Olaf Nesbø har hatt ei rad dekorasjon- og utsmykkingsoppdrag fleire stader på vestlandet. På 90-tallet hadde han utstillingar med grafikk og akvareller på sør- og austlandet, og i 2017 ei separatutstilling i Filipstad i Sverige.

På denne utstillinga i galleri Losjen har han med pastellbilete og akvareller, der motiva er henta frå områda utanfor Bergen og Jæren. I tillegg vil han vise oljemåleri med fragment frå øylandskapet utanfor Fitjar.

– I disse nyare oljemåleria er han oppteken av det maritime samspelet i sjøkanten, og geologiske formasjonar som særmerker dette kystlandskapet.

– Me ønskjer han velkommen på gjestevisitt til bygda og gler oss til sjå det han har å by på, fortel Bjelland.

Ustillinga opnar laurdag 23. nov kl. 16.00. Det vert underhaldning og forfriskningar under arrangementet.

- Annonse -