– Eg har lyst å vera til stades når dei finn gullhjelmen til Håkon den Gode på Island i sommar, sa Karvel Strømme i foredraget sitt søndag kveld.

Kor blei det av gullhjelmen til Håkon den Gode? var temaet for den historiske fabuleringa til Karvel Strømme på Fitjar folkebibliotek søndag kveld. Og det fåtalige publikumet blei ikkje skuffa over dei spanande tankane til foredragshaldaren.

Helt sidan han kom til Fitjar i 1968, forel Karvel Strømme, har han undra seg over kor gullhjelmen til Håkon den Gode kom frå, og kor det blei av han. No konkluderer Karvel med at gullhjelmen ligg på Reykholt på Island, og at han kan bli funnen att til sommaren, når dei startar arkeologiske utgravingar på kyrkjegarden der Snorre Sturlason truleg ligg gravlagd. 

På ein levande måte gav Karvel Strømme publikum del i teorien bak denne vona. Ut frå skildringa til Snorre Sturlason må gullhjelmen ha vore med under slaget på Fitjar. Truleg blei gullhjelmen med til Håkonshella og Seim, der Håkon blei gravlagd, meiner Karvel Strømme. Håkon den Gode skal ha blitt gravlagd i full hærbunad, med sverdet Kvernbit og gullhjelmen. Til liks med mange andre gravhaugar, har nok også Håkonshaugen på Seim blitt heimsøkt av gravrøvarar. Dette kan ha skjedd på den tid Olav Kyrre var konge i Noreg, og gullhjelmen kan ha blitt frakta til kongsgarden i Bergen. 

Som kjent var Snorre Sturlason to gonger til Noreg, først i 1218-20 og sist i 1237-39. I Bergen møtte han Kong Håkon Håkonsson, som blei vald til konge i 1217, berre 13 år gammal, og Skule jarl, som og hadde ambisjonar om å bli konge. Håkon Håkonsson ville leggja Island inn under Noregs-veldet, og Snorre blei utnemnd til kongen sin lendmann over Island. Snorre kan ha fått gullhjelmen og sverdet Kvernbit i gåver. Seinare blei det kamp mellom Skule og Håkon Håkonsson om kven som skulle vera konge. Og då Snorre kom tilbake til Noreg i 1237, hadde Håkon formelt teke over som konge. Snorre støtta Skule i opprøret mot Håkon Håkonsson, og dermed blei han stempla som svikar. Hertug Skule gjekk til ope oppgjer mot kong Håkon, og blei drepen. Kong Håkon gav Snorre sin uvenn og tidligare svigersonn Gissur Þorvaldsson i oppdrag å drepa Snorre. Dei oppsøkte Snorre på garden Reykholt på Island, og drap han i september 1241.

Om Snorre Sturlason verkeleg fekk gullhjelmen, og kor han i tilfelle gøymde han, er det ingen som veit. Kanskje kjem hjelmen for ein dag under utgravingane til sommaren? Om me ikkje finn det bryet verdt å reisa til Island for å følgja med, var det i alle høve bryet verdt å la Karvel Strømme leia oss gjennom den spanande soga til Håkon den Gode og Snorre Sturlason søndag kveld.

 

 

steroide medizin