Frå Strandabasaren for nokre få år sidan. Foto: FP-arkiv.

Laurdag 27. april kl. 16.00 er det klart for ny basar i Stranda bedehus, og Stranda kvinneforening av NMS lovar ein basar av godt, gammalt merke.

Førstkomande laurdag er det igjen klart for Strandabasaren, den tradisjonsrike basaren som kvar vår brukar å fylla bedehuset med folk fra heile i Fitjar – og ein god del stordafolk. Strandabasaren er ein basar av det gode, gamle slaget, og det er vel verdt å ta turen.

Som vanleg vert det andakt, allsong, solosong, åresal, sal på bok og noko å bita i. Håkon C. Hartvedt skal halda andakt og syngja. – Det er alltid kjekt å høyra på han, seier leiar Tordis Eide i Stranda kvinneforening. Og som «alle år» vil John Karsten Raunholm rista fram vinnartala i kjend stil. Bodil Nesse vil leier basaren i år òg.

– I fjor fekk me inn rundt 60.000 kr på Strandabasaren, fortel Tordis Eide. Ho uttrykkjer stor takksemd over at dei kunne senda eit så stort beløp til Det norske misjonsselskap, som sjølv bestemmer kva dei bruker pengane til.

– Me er veldig glade for at folk sluttar opp om Strandabasaren, og vil takka alle som gir gevinstar og kjøper lodd og årar, seier Tordis Eide, som kan freista med mykje fint.

- Annonse -