Målfrid Revne Sandvik og ektemannen Emmanuel Aoudi Chance inviterer til Færøysundbasar førstkomande laurdag. Foto: Kjetil Rydland.

Saman med resten av komiteen inviterer Målfrid Revne Sandvik og ektemannen Emmanuel Aoudi Chance til den åttande Færøysundsbasaren førstkomande laurdag.

Det ser ut til at dei har greidd å etablera ein fast, god tradisjon i Færøysund, etter at dei skipa ti den første Færøysundsbasaren i 2012. No fortel Johannes Nesse i komiteen at det meste er klart til sommarens høgdepunkt på den gamle handels- og gjestgjevarstaden heilt nord på Stordøya.

Harald Johan Sandvik vonar på fullt hus i Færøysund komande laurdag. Foto: Kjetil Rydland.

Støtte til jordbruksprosjekt i Kamerun

Som dei tidlegare åra – sidan oppstarten i 2012 – blir det samla inn pengar til Emmanuel Aoudi Chance sitt landbruksprosjekt i heimbyen Mbé i Kamerun. Chance er svogeren til Harald Johan, og bur i Bergen, saman med kona si, Målfrid Revne Sandvik. Ho har vore misjonær i Kamerun, i ein solid tradisjon, etter som grandonkelen hennar var den første norske misjonæren i Kamerun.

I fjor vinter var fleire i komiteen i Kamerun for å følgja opp prosjektet. Saman med lokalkjende Målfrid Sandvik og ektemannen Chance reiste Johannes Nesse og Eirik Myhre nedover for å hjelpa dei lokale bøndene vidare. Det blei gjort ein stor jobb med å setja traktorane i stand, og dei kjøpte inn ny plog og skålharv for pengane frå Færøysundsbasaren.

Den store saka i år er å skaffa pengar til ein container med nytt utstyr, som dei vil senda nedover i september. Her vil dei få plass til ein plog og ymse utstyr til ein verkstad for vedlikehald av traktorar og anna landbruksutstyr.

Vidare har Færøysundsbasaren teke på seg å finansiera yrkesskuleutdanning til ein elev frå landsbyen. Han skal ha ansvaret for verkstaden.

Variert program

Under tidlegare basarar har Chance og broren Amadou demonstrert dans frå Kamerun. Johannes Nesse lovar at det blir afrikansk dans i år òg.

Elles blir det auksjon, åresal og trekning av vinstar på bok. Det blir gardsbutikk med sal av poteter, bær, flatbrød, lefser og nordlandskaker.

- Annonse -

Som vanleg er grillane varme, og basarkomiteen spanderer kaffi og bollar. Og naturlegvis vil me få informasjon om prosjektet i Kamerun.

Færøysund er ein spesiell og idyllisk åstad for basar, og tradisjonen tru vil me få høyra om historia til den gamle handels- og gjestgjevarstaden, som Sandvik-familien overtok for over 100 år sidan.

Johannes Nesse meiner alt bør liggja til rette, og vonar rett mange finn vegen til Færøysund og basar komande laurdag.