Andrea og Sigurd Røyrøy Beinset, born av Kjellrunn Røyrøy frå Fitjar, var på AUF-leiren på Utøya 22.7. Kjellrunn var ei av dei heldige som fekk ungdommane sine uskadde heim igjen.

Men tøffe timar var det både for ungdommane, Kjellrunn og mannen hennar Ståle, før begge ungdommane kunne melde ifrå om at dei var utanfor fare. Ved å klikka her, kan du høyra eit videointervju Fedrelandsvennen har gjort med Andrea og Sigurd.

Her følgjer historia sett frå Kjellrunn si side:

– 22. juli var me faktisk på veg til Fitjar. Me skulle bu i søstera mi, Mona, si hytte på Koløyholmen, ei hytte som ligg omtrent i hagen til plassen der me voks opp.

Det er ettermiddag før me set oss i bilen for å køyra vestover via Brunkeberg-Haukeli, og me har ikkje køyrt lange stykket før bilradioen fortel om det forferdelege bombeangrepet i Oslo. Ei sjokkerande nyheit, og me er berre kjempeglade for at Andrea og Sigurd ikkje er i byen, men på fredelege Utøya, langt utanfor fare.

Både Sigurd og Andrea var på Utøya i fjor og hadde gledd seg til fine sommardagar i godt lag med dei andre AUF-arane. At dei hadde det fint der i år òg, tvilte me ikkje på. Så me slappa av, sjølv om radioen stadig kom med nye meldingar om terroranslaget i regjeringskvartalet.

Heilt annleis vart stemninga i bilen då Mona ringde og spurte om me hadde høyrt at det hadde vore skyting på Utøya. Då prøvde me å få tak i Andrea og Sigurd på mobilen. Men ingen av dei svarte. Heller ikkje bestevenninna til Andrea. Av radioen, og etter kvart på nett via smart-telefonen min, skjønte me at ungdommane prøvde å gøyme seg, og me slutta å ringje, prøvde heller med sms-meldingar.

Ikkje svar.

Tøffe, tunge minutt, lange som timar, gjekk utan at me fekk noko  svar. Hendene som heldt om mobilane var sveitte.

Endeleg, klokka 19.45 ringte Andrea og kunne fortelja at ho var i sikkerheit. Men kvar var Sigurd? Det visste verken me eller ho.

Mobilen og nettet hadde i mellomtida fortalt at det ikkje berre hadde vore skyting på Utøya, mange var òg drepne, ikkje minst ved sjøkanten.

Då tok angsten oss. Eg kjende eg måtte stålsetja meg på tanken om at me kunne få ei svært tragisk melding. Sigurd kunne svært godt ha løpt til sjøen, tenkte me. Klokka 20.30 snakka eiinskilde kjelder om 20-30 drepne. Stemninga i bilen var dirrande, førebudd som me måtte vera på det verste. Me hadde for lengst gjeve opp fitjarturen, hadde teke austover i staden for vestover ved Brunkeberg, og kursen stod no mot Sundvollen hotell der ungdommar som hadde kome seg unna, vart tekne imot.

Klokka 20.45 kom det ei tekstmelding frå ei ukjent nummer. Kva no?

Kjellrunn opna meldinga med skjelvande finger.

Men angsten vart vendt til glede.

– Etter denne meldinga måtte me stoppa og ta ein jubelrunde rundt bilen. I meldinga stod det: «Hilser fra Sigurd. Han har det fint. Hvordan er det med Andrea?»

Snart fekk me vita at begge var komne til Sundvollen.

Sjølv kom me dit kl. 21.30.

Då me nærma oss og såg politisperringane, lurte me på om me ville sleppa igjennom. Måtte me syna fram id-kort og liknande?

Me då me sa at ungdommane våre hadde vore på Utøya og no var uskadde på Sundvollen hotell, fekk me berre eit varmt smil tilbake: «Så heldige dere er!», før me vart vinka vidare.

Framme ved Sundvollen vart me imponert over kva profesjonelle og frivillige hadde fått i stand på kort tid. Her var det matbuffear, psykologar, prest, dyner og kriseteam som skulle ta vare på ungdommane. Me måtte òg passera pressa, men ingen var pågåande.

Snart kunne halda rundt Andrea og Sigurd. Fantastisk!

Sigurd ville heim, og etter politiavhøyr drog alle fire tilbake til Grimstad. Her vart dei møtt med uendeleg mykje varm, positiv omtanke, både frå vener, naboar, kriseteam og ordførar, for å nemna nokon. Og då Jonas Gahr Støre var i Arendal, tok han seg tid til å snakka med dei alle.

– Det varma, smiler Kjellrunn, som midt i det heile er forferdeleg lykkeleg for at det gjekk bra med Andrea og Sigurd, samstundes som ho kjenner på kor ubeskriveleg tungt det må vera for alle dei som no er i gang med gravferder for sine kjære som omkom på den idylliske sommarleirstaden til AUF 22. juli 2011.