Margaret Hillestad og 200 andre spelarar har vist mykje fin fotball i idrettshallen, der årets Wärtsilä Cup pågår for fullt.

Dei store kanonane startar ikkje før midnatt, men me har sett dei opne klassane for herrar og damer imponera med stort tempo og god fotball fredag kveld. Blant herrane i open klasse vågar me å utropa Fitjarpotetene med Jonas Tislevoll og Tormod Tørnquist til favorittar. Men me er òg spente på «Los Blancos» med berre 2000-modellar på laget. I dameklassen er det heilt ope, men me merka oss at dei gamle kjenningane «Rødhette» og «Komlene» hevda seg godt.


Emil Sørfonn og Torbjørn Korsvik kosar seg med frukt før Torbjørn skal i elden med Pokerstars ved midnatt. Foto: Kjetil Rydland.


Los Blancos jublar for kveldens fiksaste scoring, medan Helge Træet i bakgrunnen konstaterer at han har eit stykke att før han er på Manuel Neuer sitt nivå i mål. Foto: Kjetil Rydland.


Hektisk i forsvaret til Los Blancos i kampen der dei taper mot favorittane Fitjarpotetene. Foto: Kjetil Rydland.


Elin Kvia scorar for Rødhette. Foto: Kjetil Rydland.

Kampane held fram til klokka 03.00 i natt, og byrjar igjen i morgon tidleg klokka 07.30. Fitjarposten kjem sjølvsagt tilbake med reportasje etter finalekampane i morgon ettermiddag.