Etter berre to treningar reiste utøvarar frå friidrettsgruppa laurdag og sundag til Vikahaugane for å måle krefter med utøvarar frå Sola i sør, til Osterøy i nord. Mange flotte prestasjonar og nye ”persar” vart med på lasset til Fitjar, og me gjer oss klar til fleire stemne utover hausten.

Laurdagen var prega av til dels kraftige regnbyger, men det hindra ikkje utøvarane i å stilla i ei rekkje øvingar. Sindre Aarbø (G12) og Ådne Kongestøl Vik (G11) stilte til start i 60 m. Utøvarane våre rakk ikkje opp i medaljeplasseringar i dei svært sterke felta, men gjorde flotte prestasjonar likevel. Ådne stilte også i øvingane Høgde og Lengde med fine plasseringar.

I kastøvinga Liten ball stilte Markus Kongestøl Vik (Rekrutt), Thea Vestbøstad (J10) og Oda Rydland (J10) og leverte flotte kast. Oda henta heim ein flott sylvmedalje i denne øvinga med eit beste-kast på 29,98 m. Thea sitt beste-kast målte 23,32 m og fekk med det ein heiderleg 4, plass.

Sundagen hadde me flott stevne-vær med opplett og fine temperaturar. Utøvarane stilte friske og raske, klare til ny dyst.

Både Ådne, Thea, Oda og Markus stilte til start på 40 m. Jentene markerte seg flott, ved å hente to medaljar heim til Fitjar. Oda fekk gull med tida 7,15, medan Thea tok bronse med tida 7,24. Dei vart begge vinnarar i sine heat.

 Seinare på dagen stod lengde for tur, ei øving me hadde forventingar til. Utøvarane har prestert godt på trening, men det hjelper ikkje om ein ikkje har ”dagen” på stevne. Nivået er svært høgt i guteklassane, så våre gutar måtte ta til takke med flotte personlege prestasjonar. Jentene hoppa godt, sjølv om Thea nok var litt skuffa over å ikkje hoppe opp mot sitt beste. Oda vann gull også på denne øvinga med eit beste-hopp på 3,59 m.

 Frå speaker vart det kommentert spesielt at det er moro med Fitjar som no er på veg attende i friidrettsmiljøet. Til det kan me svare at me har tenkt å bite frå oss også i tida frametter. Kjekt at foreldre sender borna til friidrettstreningane, og kjekt med born som vil delta i kappestrid og variert treningsopplegg. Me har treningar i idrettsparken tysdagar frå kl 18.00 til 19.30 for 4. klasse og oppover.