Fredagens quiz på Fitjar Fjordhotell samla rundt 50 glade deltakarar til fredeleg kappestrid.

Quizmeister Geir Bjarte Hatlevik hadde plass til fleire lag enn dei sju som samla seg på Fitjar Fjordhotell fredag kveld. Men stemninga var det ingen ting å seia på.

Spørsmåla denne gongen var litt enklare enn vanleg, noko som førte til at det blei ei veldig jamn tevling, med stor spenning heilt til slutt. Som vanleg kjempa dei gamle kamphanane «Team Siglo» og «Hanen og hønene» i teten. Nytt lag i toppen denne gongen var «Geir Steffen», eit lag som bestod av rektor Aarland frå Øvrebygda skule og ein del ungdommar.

Neste quiz på Fitjar Fjordhotell blir fredag 21. november. Då vonar Geir Bjarte Hatlevik at endå fleire skarpingar møter opp for å bryna seg på kvarandre.

Ingressbilete: Siglaren Elin Siglen liker seg på quiz. Foto: Kjetil Rydland.