Bendit Cup i Hustrudalen har etter kvart blitt ein tradisjon, og denne helga har Fitjar Idrettslag hatt 12 lag i aksjon under det flotte arrangementet til IL Solid i Hustrudalen.

Nordavinden bles kaldt i dalen der dei kunnige ikkje kan bli einige om namnet. Hustre nok til å fortena namnet Hustredalen er det heilt klart, men kven bryr seg om nordavind eller annan vind under eit så flott arrangement!

Laurdag var det årsklassane frå 2003-2005 som var i aksjon. Frå Fitjar deltok heile 10 lag, fire jentelag og seks gutelag. Desse årsklassane spela 5-arfotball, fordelt på 11 ulike banar – alle med fruktnamn som blant anna kiwi, banan, eple, appelsin og druer.

Kampane starta klokka 9 om morgonen, og siste kampen gjekk klokka 18.30. Alle laga fekk minst 3 kampar. Etter kampslutt var det felles premieutdeling inni ein lastebil – alle spelarane på laga blei ropt opp i hengaren, der dei fekk bendit-ryggsekk og drikkeflaske før dei måtte ta «bølgen» saman med bend-it bananene. Davy Wathne dømte kampar og deltok på premieutdelinga.

Søndag var 11 banar gjort om til fem 7-arbanar, og årsklassane 2001-2002 skulle spela cup.  I dag deltok to lag frå Fitjar, jenter f. 2001 og gutar 2002. Brann-spelar Kristoffer Barmen var dagens gjest, og mange fekk signerte fotballsko i tillegg til bilete saman med fotballstjerna.

Som vanleg avvikla Solid cupen med bravur, ein utrulig velorganisert og flott cup. Imponerande!  Den kalde vinden kan ein ikkje klandra arrangørane for.