F.v. Kjell Tislevoll, Maj Engevik, Tor André Ljosland og Bård Inge Sørfonn. Foto: Ingrid Hovstad

Hurtigbåt, vidaregåande skule og byggjesøknadar. Det var eit variert program på Tor André Ljosland, 2.kandidat i Vestland KrF, som vitja Fitjar i dag.

Tor André Ljosland sit i fylkestinget, og vart nyleg leiar for utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland. I dag vitja han Fitjar og vart vist rundt av Bård Inge Sørfonn, leiar i Fitjar KrF og 2.kandidat til kommunevalet. Ordførarkandidat Harald Rydland var ogso med på delar av besøket.

Kva gjer me når me ikkje får tak i lærlingar?

Besøket starta hos Engevik og Tislevoll. Maj Engevik og Kjell Tislevoll fortal om historia til selskapet, før dei tala om utfordringar i bransjen.

– Det er mykje konkurranse, og det er vanskeleg å vinna anboda. Me kjem ofte på andreplass, men andreplass er jo ikkje godt nok. Stor detaljstyring i anboda er blant problema. Men det største problemet i vår bransje er at talet på søkjarar til yrkesfag går ned. Eit anbod kan til dømes krevja 3 lærlingar, men om me ikkje får tak i lærlingar, kva gjer me då, lurte Engevik.

Ljosland kunne fortelja at Hordaland fortsatt har den høgste prosenten med elevar som vel yrkesfag, men at søkjartalet gjekk ned med 16% i år. Han forstod difor bekymringa til Engevik og Tislevoll.

Lars-Heine Kåsa frå Engesund fiskeoppdrett, og Tor André Ljosland. Foto: Ingrid Hovstad

Fekk sjå mykje av Fitjar på 4 timar

Hos Engesund fiskeoppdrett fekk Ljosland sjå korleis fjernfôringssystemet deira fungerer. Her fekk han sjå korleis fôringa vert styrt, og rognkjeks på jakt etter lakselus.

– Det er so kjekt å ta deg med til Engesund for dei er so nyskapande, sa den engasjerte Sørfonn.

På Fitjar vidaregåande fekk Ljosland god lunsj, og informasjon i frå rektor Engelsen. Han fortalde om ein vidaregåande skule med god økonomi, blant anna nyttar ein lite pengar på administrasjon.

Lunsj på Fitjar vgs. Foto: Ingrid Hovstad
- Annonse -

– Eg syntest det er viktig å heller nytta ressursar i klasseromma, og me har eit to-lærarsystem, noko som gagnar alle elevane våre, sa Engelsen. Han var svært nøgd med den nye finansieringsmodellen for vidaregåande skular, men kunne gjerne tenka seg forbetringar med skuleskyss.

Siste stopp var i Kråko der Tor André Ljosland fekk møta Rasmus Fitjar, ein av hovudutbyggjarane i hyttefeltet, og Grete Anuglen, som jobbar i Engevik og Tislevoll.

Her vart det snakka om byggjesøknadar og reguleringsplanar. Anuglen synte blant anna Ljosland ein reguleringsplan der grensene er feil. Dette skapar naturlegvis ein del problem.

Grete Anuglen og Tor André Ljosland. Foto: Ingrid Hovstad

Hurtigbåten

Den raude tråden for dagen var hurtigbåten. Tor André Ljosland ynskjer eit stopp på Fitjar att, og håpar at ein kan få moglegheita til å få det inn når ein skal ha ny anbodsrunde på hurtigbåten.

– Det var veldig kjekt å få koma til Fitjar, og det har vore lærerikt. På 4 timar har eg fått sett mykje av næringa på Fitjar, og det er godt å sjå at det er breidde her. Breidde gjer ein mindre sårbar, sa Ljosland.

Han har stor tru på at Harald Rydland, Bård Inge Sørfonn og resten av Fitjar KrF vil gjera eit godt kommuneval til hausten.

– Det viktigaste eg kan ta med meg tilbake til fylket, er den flotte vidaregåande skulen. At ein høyrer at lærlingar frå den er svært ettertrakta, og viktige for vidare næring i Fitjar, gjer det enkelt å kjempa for den på ny, om det skulle bli nødvendig, avslutta Ljosland.